Etter opplæringslova § 2-11 første leddet kan kommunen etter søknad gje ein elev permisjon frå den pliktige opplæringa i inntil to veker. Permisjon etter denne føresegna er inga rett, og kommunen har derfor ikkje plikt til å godkjenne permisjonen. Kommunen kan ha eigne retningsliner for når ein kan gje permisjon og når ein ikkje skal gje permisjon.
Søk i god tid! Skulen må rekke å behandle søknaden din før den planlagde permisjonen.
Dersom du har fleire barn må du sende inn ein søknad for kvart barn.
Permisjon kan ikkje gjevast utover to veker
Dersom dei føresette ønskjer å ta eleven ut for ein lengre, samanhengande periode utover to veker, må dette sjåast på som privat opplæring i heimen, jfr oppl.l § 2-13. Eleven blir difor formelt skriven ut frå skulen som elev, og foreldra/føresette har det fulle ansvaret. Kommunen skal imidlertid ha tilsyn med den private undervisninga, etter oppl.l § 14-3. Sjå elles kommunen sine eigne rutinar for heimeundervisning og tilsyn i høve dette.
Opplæringa som eleven mistar ved permisjon, har eleven ikkje rett til å få erstatta seinare.
Dersom du ønskjer å ta eleven ut lengre enn to veker, skal du sende inn dette skjemaet.