Kva blir det gitt tilskot til?
Midlane skal brukast til opprustingstiltak eller igangsetting av nye tiltak. Det kan søkjast om innkjøp og vedlikehald av leikeapparat i buområde. Det kan også søkast tilskot til investeringar og til tiltak som f.eks. sikkerheitsgjerder, bord og benkar, belysning o.a. Tiltaket det blir søkt om må vere ope for alle, og søkjar tek på seg ansvar for å sikre vedlikehald av utsyr og område. Ved signering av tildelingsbrevet blir dette ansvaret automatisk akseptert. For at søknaden skal kunne løyse ut tilskot må området må vere regulert til leike- og aktivitetsområde.
Kva det ikkje blir gitt tilskot til:
a) ordinær drift/vedlikehald, som for eksempel sandskift, måling av gjerder og liknande
b) lokale og arrangement
c) prosjekt utan eigeninnsats og eigenkapital
d) saker under politisk behandling
Målgrupper for tilskotet
Grendalag/utval, andre foreiningar og lag kan søkje. Søkjar må vere registrert i Brønnøysundregisteret.
Desse fell utanfor målgruppa:
a) Einskildpersonar
b) Kommersielle aktørar
c) Verksemder og organisasjonar som fell utanfor formålet med ordninga.