Eigedomsskattelova opnar for at kommunen kan gje unntak frå eigedomsskatt i einskilde tilfelle dersom det er svært urimeleg. Det er meint for å hjelpe personar med dårleg råd over tid.
Kommunestyret fatta vedtak om å innføre retningsliner for fritak frå eigedomsskatt ettter § 28 i eigedomsskattelova i møte 27.10.2022, sak 77/22.
Retningsliner om fritak frå eigedomsskatt for Volda kommune:
- Husstandar med ei samla brutto årsinntekt lågare enn 3G (folketrygda sitt grunnbeløp x 3) ved siste skattemelding, kan søkje om fritak. Som inntekt reknast løn, pensjonar, renteinntekter, aksjegevinstar mm.
- Bur det fleire enn søkjar i bustaden vil desse vert rekna med som ein del av hustanden og deira bruttoinntekt vert lagt saman med søkjar si brutto inntekt. Dette gjeld også heimebuande born over 18 år.
- Eventuell inntekt frå leigebuar vert rekna som inntekt for søkjar.
- For einlege forsørgjarar kan samla brutto årsinntekt vere opptil 3,5G ved siste skattemelding.
- Viss husstanden si samla bankinnskot er større enn 1G (folketrygda sitt grunnbeløp), vil ein ikkje få fritak frå eigedomsskatt. Dette gjeld berre for personar over 18 år med inntekt.
- Søkjar må sjølv bu på eigedomen.
- Det er ikkje fritak frå eigedomsskatt på fritidsbustadar og sekundærbustadar.
Jamfør lova så gjeld fritaket berre for eit år om gangen og ein må søke på nytt kvart år. Du finn satsane på grunnbeløp og søknadsfrist på heimesida til kommunen.
Vedlegg som skal følge søknaden
Ved innlevering av søknad skal kopi av følgande dokument leggast ved:
Utskrift av siste gjeldande skatteoppgjer for husstandsmedlemmar over 18 år.
Husleigekontrakt dersom søkar leige ut delar av bustad eller anna.
Anna
Jamfør lova så gjeld fritaket berre for eit år og ein må søkje på nytt kvart år. Alle må søke på nytt kvart år, også dei som tidlegere har fått innvilga fritak.
Søknadene er unntatt offentlegheit og blir behandla konfidensielt.