Retningslinjer for Fritidskonto
Vi har sett følgjande kriteriar for støtte
- Støtte
vert gitt på individnivå. Det betyr at det gjeld det einskilde barnet/ungdomen
frå det året det tek til på skulen og ut det året det fyller 18. Det vert
ikkje gitt generell støtte til grupper/lag og foreiningar.
- Støtten
skal ikkje erstatte dugnadsinntekter eller supplere andre tilskotsordningar.
- Støtte
kan søkast ein gong i året til utstyr, kontingent, eigenandel, reise, opphald og måltid i samband
med deltaking på turneringar/reiser i regi av lag/foreiningar.
- Prosjektgruppa
for Fritidskonto gjer avtale med navngitte kontaktpersonar i dei aktuelle lag
og foreningene. Laga sjølve avgjer kor mange, og kven dei ønsker skal være
kontaktpersoner.
- Kontaktpersonane
forplikter seg til å være bindeleddet mellom Prosjektgruppa for Fritidskonto
og det enkelte barn/ungdom. De vil også ha et særskilt ansvar for å bistå
andre i laget/foreininga om å «fange opp» dei som har behov for bistand.
- Kontaktpersonene
har ansvar for å sikre at tilbodet til barn, ungdom og familiar blir gitt
på ein inkluderende og ikkje-stigmatiserande måte.
Støtte frå
Fritidskonto kan givast på to måtar, og same søknadsskjema skal nyttast til
begge:
Til det
einskilde barnet/ungdomen gjennom å opprette brukar på volda.friskus.com. Faktura skal då betalast gjennom
volda.friskus.com etter at kontoen er fylt på.
Ved
at aktivitetstilbydar/lag/foreining søker på vegner av navngitte barn. Faktura skal sendast fakturamottak@volda.kommune.no
og merkast Fritidskonto, ansvar 3705.