I opplæringslova står det at «Dei som treng førebuande
opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett
til grunnskoleopplæring etter § 2-1, har rett til førebuande opplæring for
vaksne. Søkjarar har mellom anna rett til førebuande opplæring dersom dei ikkje
har fått tilfredsstillande opplæring før, dersom dei treng opplæring i fag
eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk
grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller
sjukdom. Når det skal vurderast om ein søkjar treng førebuande opplæring, skal
det takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner.» (§ 18-2)
I tillegg står det at «Opplæringa skal byggje på den
kompetansen deltakarane allereie har, og skal leggjast opp slik at deltakarane
så raskt som mogleg kan oppnå relevant kompetanse for arbeid eller vidare
utdanning.»
Vidare står det i § 11-2 at «Skolen skal vurdere om tiltaka
er nok til å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om
eleven kan trenge individuell tilrettelegging etter reglane i §§ 11-4, 11-5 og
11-6.»
Individuell tilrettelegging inneber til dømes opplæring i
lese-, skrive-, rekne- og digitale ferdigheiter, kommunikasjonsferdigheiter,
opplæring i ulike hjelpemiddel, ADL-trening og ASK (alternativ supplerande
kommunikasjon). Opplæringsmåla vert i stor grad henta frå læreplanane til FOV
(førebuande opplæring for vaksne) i faga norsk, matematikk, engelsk,
samfunnsfag, naturfag og/eller grunnmodul (Læreplanar
FOV).