Familie –og
ungdomsstøtte (FUS) har dokumentasjonsplikt og nyttar eit databasert digitalt
journalsystem for lagring av personopplysingar. Informasjonen du gir i
møte/samtale med oss, er omfatta av teieplikt og blir behandla fortruleg, i
samsvar med Personopplysningslova § 1 og 6.
Ved behov for, og
samtykke frå deg, kan vi samarbeide med andre tenester. Det kan berre hentast
inn og delast informasjon om deg og di sak dersom du har gitt samtykke til det.
Samtykket skal vere «informert». (Unntak: Informasjon som er naudsynt for å
redde liv og helse).
Eit informert
samtykke inneber at du:
• Har fått
informasjon om kva opplysingar det gjeld
• Er kjent med
korleis dei skal brukast og konsekvensen av informasjonsutvekslinga
• Er kjent med at
det ikkje skal bli utveksla meir informasjon enn det som er naudsynt for å
sikre eit best mogleg koordinert tilbod og oppfølging
• Er kjent med at
du kan nekte at opplysningar om spesielle forhold blir utveksla, eller at
spesielle fagmiljø eller enkeltpersonar får bestemte opplysningar
• Er kjent med
dei konsekvensar det å ikkje innhente eller dele informasjon kan ha
Dokumenta i saka
vert arkivert i journalsystemet HsPro. Føresette eller barn/ungdom med
innsynsrett etter Forvaltningslova § 18, kan når som helst ta kontakt med FUS-teamet
dersom dei ønskjer innsyn i journalen. Volda kommune skal behandle personopplysningar slik at opplysningane
sin integritet, konfidensialitet og tilgjengelegheit blir verna. I
særskilde tilfelle har FUS-teamet meldeplikt til barneverntenesta.